Kvifor forhandle fred? Ein analyse av forhandlingsstart i den væpna konflikten i Colombia

  • Bård Drange Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI)

Abstract

Konflikten i Colombia har i mange tiår vore tilsynelatande uløyseleg. Trass i mange fredsforsøk har den alltid blussa opp att. I denne artikkelen forsøker eg å forklare starten på forhandlingane i 2012 mellom den colombianske staten og FARC, den største geriljagruppa i landet. Eg hevdar den fundamentale forklaringa på at dei nådde forhandlingsbordet, ligg i den militære svekkinga av FARC på 2000-talet, som gjorde at geriljagruppa gradvis såg det naudsynt, for i det minste å nå nokre av måla sine, å slutte konflikten gjennom forhandlingar. Den nest viktigaste faktoren er endringa i leiarskapet i Colombia, der den nyvalde presidenten Juan Manuel Santos i 2010 såg ei politisk løysing som mogleg og meir attraktiv enn forgjengaren og tok pragmatiske grep for å skape ein levedyktig prosess. Også tredjepartar bidrog til sjølve gjennomføringa av ein trygg og hemmeleg prosess samt til tillit til prosessen. Forhandlingsstart i 2012 vert – ved bruk av structured focused comparison – samanlikna med fredsdialogen i Caguán (1999–2002) mellom dei same partane, der partane ikkje byrja forhandlingar. Case-studiar som denne kan hjelpe oss å forstå dynamikkar bak kvifor væpna aktørar vel ei politisk løysing på ein væpna konflikt. Forhandlingsstart, som eg analyserer, må ikkje likestillast med fredsavtale eller slutten på konflikten, men kan gje oss viktige svar på kor væpna aktørar sin motivasjon til å forhandle kjem frå, og under kva tilhøve denne motivasjonen kan bringe partane til forhandlingsbordet.

 

The conflict in Colombia has seemed insolvable for decades. Despite several peace attempts, it has always flared up again. In this article, I explain the onset of peace negotiations in 2012 between the Government of Colombia and the FARC, the largest guerrilla group in the country. I claim the fundamental explanation for why they initiated negotiations was the military weakening of the FARC in the 2000s, which led the guerrilla group to appreciate the necessity of ending the conflict through negotiation in order to reach at least some of their goals. The second most important factor was the change in leadership in Colombia, where in 2010 the newly-elected president, Juan Manuel Santos, considered a political solution possible and more attractive than his predecessor did, and took pragmatic measures to create a sustainable process. In addition, third parties contributed to safe and secret proceedings and to trust in the peace process. Negotiations begun in 2012 are – through a structured, focused comparison – compared with the peace dialogue in Caguán (1999-2002) between the same actors, where negotiation did not start. Case studies like this one can help us understand dynamics behind the choices of armed actors to pursue political solutions to armed conflicts. The onset of negotiation, which I analyze, must not be equated with a peace agreement or the end of the conflict. It can, however, provide important answers about where armed actors’ motivation to end conflicts come from, and under what conditions this motivation can bring the parties to the negotiating table.

Usage Statistics
Total downloads:
Download data is not yet available.

Author Biography

Bård Drange, Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI)

Juniorforskar

Published
2018-10-04
Section
Fagfellevurdert
How to Cite
DRANGE, Bård. Kvifor forhandle fred? Ein analyse av forhandlingsstart i den væpna konflikten i Colombia. Internasjonal Politikk, [S.l.], v. 76, n. 3, p. 193-216, oct. 2018. ISSN 1891-1757. Available at: <https://tidsskriftet-ip.no/index.php/intpol/article/view/1196>. Date accessed: 18 oct. 2018. doi: https://doi.org/10.23865/intpol.v76.1196.
Keywords
fredsforhandlingar, væpna grupper, konfliktløysing, Colombia, peace negotiations, conflict resolution