Mot eit eksplisitt og sjølvbevisst kulturdiplomati

  • Ola K. Berge Telemarksforsking

Abstract

Når blei norsk kulturdiplomati sjølvmedvete og eksplisitt? Har kultur og kulturpolitikk nokon gong vore ein reelt integrert del av norsk utanrikspolitikk eller den utanrikspolitiske diskursen? Det er spørsmålet som blir diskutert i denne artikkelen, som samstundes reflekterer over korleis kultur heilt sidan 1800-talet har vore sentral del av konstruksjonen av Noreg som nasjon, og framleis er det, både i utanriks- og innanrikspolitisk samanheng. Kanskje er ikkje vegen frå norsk deltaking i verdsutstillinga i Paris i 1889 til korleis Noreg profilerer operaen i Bjørvika, teikna av Snøhetta, i dag, særleg lang? Artikkelen konkluderer likevel med at gjennomslaget for eit eksplisitt sjølvmedvete kulturdiplomati paradoksalt nok kan knytast til tida då ansvaret for norsk utanrikskulturell verksemd blei flytta ut av UD og over til sju av kunstfeltets organisasjonar. Artikkelen er ei omarbeiding av prøveførelesinga som var del av forsvaret for PhD-graden i kulturstudiar ved HSN, med tittelen Look to Norway, current Norwegian Foreign Cultural Policy.

 

At what point in history did Norwegian cultural diplomacy become self-conscious and explicit? In real terms, has culture or cultural policy ever been an integrated part of Norwegian foreign policy, or the foreign policy discourse? These are among the questions that are being discussed in this article, which moreover looks into how culture from early 1800 on was a central component of nation construction, and still is today. Hence, perhaps it is not such a long way from Norway’s participation in the 1889 World Expo in Paris to how the Oslo opera house, drawn by Snøhetta architects, is profiled today. Still, the article concludes that a breakthrough for an explicitly self-conscious Norwegian cultural diplomacy somewhat paradoxically can be pinpointed to the period when the responsibility for Norwegian foreign cultural policy was moved out of the Ministry of Foreign Affairs, to a number of organizations within the art field. The text is an adaption of the trial lecture given as part of the defence of a Ph.D. in Cultural Studies at the University College of Southeast Norway, titled Look to Norway, current Norwegian Foreign Cultural Policy.

Usage Statistics
Total downloads:
Download data is not yet available.

Author Biography

Ola K. Berge, Telemarksforsking

Seniorforsker

Published
2018-10-04
How to Cite
BERGE, Ola K.. Mot eit eksplisitt og sjølvbevisst kulturdiplomati. Internasjonal Politikk, [S.l.], v. 76, n. 3, p. 217-234, oct. 2018. ISSN 1891-1757. Available at: <https://tidsskriftet-ip.no/index.php/intpol/article/view/1237>. Date accessed: 11 dec. 2018. doi: https://doi.org/10.23865/intpol.v76.1237.
Keywords
cultural diplomacy, foreign cultural policy, Ministry of Foreign Affairs, kulturdiplomati, utanrikskulturell verksemd, UD